Dies ist eine Übersichtsseite mit Metadaten zu dieser wissenschaftlichen Arbeit. Der vollständige Artikel ist beim Verlag verfügbar.
Epistemisk aktørskap? Ein casestudie av undervisningsopplegg genererte av kunstig intelligens
0
Zitationen
2
Autoren
2025
Jahr
Abstract
Framveksten av kunstig intelligens (KI) og særleg introduksjonen av samtaleroboten ChatGPT har hatt stor innverknad på utdanningssektoren. Debattane om samtalerobotar har vore polariserte, og har ofte vore basert på anekdotar framfor systematiske utprøvingar. I denne artikkelen analyserer vi ein casestudie der det er undersøkt korleis undervisning om helse viser seg i KI-genererte undervisningsopplegg i kroppsøving, og kva betydning denne forma for undervisningsplanlegging kan ha for lærarutdanninga. Gjennom ein kvalitativ innhaldsanalyse av undervisningsopplegg generert ved hjelp av tenesta Kroppsøvingsassistenten identifiserer vi tre overordna kategoriar: helse er oppdelt i fysisk, psykisk og sosial helse, struktur og mål for undervisninga er klart definerte og helse er eit område for teoriundervisning. Vi diskuterer funna i lys av omgrepsparet «epistemisk aktørskap», som vektlegg kor viktig det er at studentar er aktive deltakarar i læringsprosessen. I diskusjonen peikar vi på både utfordringar og mogelegheiter ved bruk av samtalerobotar i lærarutdanninga. Vi argumenterer for at epistemisk aktørskap kan fungere som ei rettesnor for å utvikle pedagogiske tilnærmingar som fremjar kritisk tenking og aktiv deltaking blant studentar.
Ähnliche Arbeiten
Explainable Artificial Intelligence (XAI): Concepts, taxonomies, opportunities and challenges toward responsible AI
2019 · 8.214 Zit.
Stop explaining black box machine learning models for high stakes decisions and use interpretable models instead
2019 · 8.071 Zit.
High-performance medicine: the convergence of human and artificial intelligence
2018 · 7.429 Zit.
Proceedings of the 19th International Joint Conference on Artificial Intelligence
2005 · 5.776 Zit.
Peeking Inside the Black-Box: A Survey on Explainable Artificial Intelligence (XAI)
2018 · 5.418 Zit.